Telemark rundt

Krossbanen

Avreise: 09. aug 2020
Antall dager: 6

Dag 1 – 9. august 
Haugesund-Ryfylke-Skinnarbu Høgfjellshotell
Me startar frå Haugesund og kjører via Suldal til Røldal for første stopp ved stavkyrka.
Etterpå drar vi videre til Haukeliseter for lunsj.
Frå Haukeliseter kjører me til første overnatting på Skinnarbu Høgfjellshotell ved Møsvatnet, som me skal bu i 2 netter.
Felles middag på kvelden.

Dag 2 – 10. augugust 
Skinnarbu – Møsvatnet – båten «Fjellvåken» til Austli – Skinnarbu
Etter ein god frokost i flotte omgivelsar reiser me med båten «Fjellvåken» frå Skinnarbu til Austli og besøk hjå Hillborg & Trygve frå serien «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu».
Her får me eit rikholdig program inkludert kaffi og kaker.
Vi drar tilbake til Skinnarbu for lunsj.
For dei som har lyst, kan me ta dokke med på tur med «krossobanen og utsikt over Rjukandalen og Vemork (værforbehold). Individuell betaling. Ca kr 160,-
Felles middag på kvelden.

Dag 3 – 11. august
Skinnarbu – Rjukan -Vemork – Gaustatoppen-Tinnoset-Nottoden
Etter frokosten kjører me den korte strekninga til Vemork Industrimuseum der me får omvisning og film om krigshistorien rundt Tungtvatnet.
Etterpå lunsj i Rjukan.
Etter lunsjen kan dei som vil ta banen som går opp til Gaustatoppen, dette koster kr 390,- pr person som ikkje er inkludert i prisen.
Frå Rjukan til historiske Tinnoset og Mæl med ferjene «Amonia» og «Storegut» utstilt.
Videre kjører me til Notodden for innsjekking på vårt hotell der, med felles middag på kvelden.

Dag 4 – 12. august
Notodden – Bø – Ulefoss – Skien
Etter frokost på hotellet, tek me ein lokal skyttelbuss gjennom Notodden sentrum til tidligare industriområde – nå eit kultur – og industrimuseum. Me endar opp på Telemarksgalleriet med internasjonal og nasjonal kunst. Her er også «Studio K» – eit privat keramikk-verkstad.
Her får me også «Lysbuen» som viser Industrieventyret Norsk Hydro.
Seinere på dagen besøker me rosemålar Geir Kåsastul i Heddal med forteljingar og demonstrasjon av målarkunst og ein kort stopp ved Heddal Stavkyrkje frå ca år 1250.
Lunsj i Notodden før me kjører via Ulefoss til hotellet vårt i Skien, der vi har felles middag om kvelden.


Dag 5 – 13. august
Skien – Kragerø – Vrådal
Etter frokost kjører me til Brekkeparken – ein vakker park med tulipanbed, sommarblomster og frodige buskar, Telemarks-
kulturen ser me i parken med 14 bondestover med Søndre Brekk Gård som den største attraksjonen. Panoramautsikt over Skien sentrum.
Me besøkjer Henrik Ibsens barndomsheim på Venstøp.
Me kjører så til Kragerø. Etter ein god lunsj får me ei byvandring i Kragerø sine trange bygater. 
I Kirkegata og Kunstnarkvartalet finn ein aktive kunstnarar innan tekstil, maleri, glass m.fl. Og – Kittelsenshuset. Eventyrteiknaren Th.Kittelsen produksjon og hans barndomsheim viser ein fram.
Deretter kjører me via Drangedal og til Vrådal, med felles middag på kvelden.

Dag 6 – 14. august
Vrådal-Dalen-Åmot-E134-Ryfylke og Haugesund
Etter ein god frokost på hotellet setter me oss i bussen og kjører til Dalen og besøkjer bryggeutstillinga med salgsutstilling av bildekunst, smykker og keramikk.
Kanskje me får til ein omvisning i Tokke kraftverk.
Me kjører videre til Åmot og videre heimover på E134 til Mjonøy for lunsj og muligheter for å kjøpe dei kjente matvarene derfra, spesialbrød og den populære Vesås-korven.
Etter dette besøket reiser me heimover med korte stopp langs vegen.

Påmeldingsfrist: 1. juli.

Inkludert i pakken

  • Busstur i ny og moderne buss
  • Reiseleder på heile turen
  • 5 overnattingar på hotell (dobl rom)
  • 6 lunsjar
  • 5 middagar
  • Inngangsbillettar som vist i programmet

Pris pr person

14.100,-(enkeltromstillegg 1.250,-)

Påmelding - Telemark rundt