Julebord – Halvdan Sivertsen 70 år

Halvdan-Sivertsen-2

Avreise: 13. nov 2020
Antall dager: 2

Ein hyllest til livet, kjærleiken og saftig nordnorsk humor!

Halvdan starta året med å fylle 70 år den 5. januar. Omtrent ved midnatt same dag var konserten i Oslo Spektrum utselt. Halvdans første 70 år på denne jorda, og den mangfaldige karrieren hans så langt, skal også feirast utover hausten i utvalde konserthus rundt om i landet – som blant anna Scandic Maritim Hall i Haugesund.

Karrieren til Halvdan spenner over meir enn 50 år, frå den spede starten i Bodøs pop- og rockemiljø på 60-tallet, via visebølga på 70-tallet, til å bli ein av landets mest populære artistar dei siste 30 åra. I tillegg til å gi ut ei rekke prisbelønte album og vere ein fjerdedel av tidenes største norske supergruppe, Gitarkameratane, har musikken til Halvdan blitt brukt i både film og teater. Dessutan vil Halvdan, for ein heil generasjon nordmenn, alltid huskast som «faren» til Labbetuss.

Halvdan Sivertsen er eit av dei varmaste og morrsomste menneskene i norsk offentlegheit, og etter eit halvt år-hundre som artist, har han framleis mykje på hjarta. Han er framleis opptatt av den stakkars kloden vår, og brenn framleis for kjærleiken, vennskapet og dei som treng oss.

Me garanterer ein kveld med hits og klassiske låtar, med kort veg mellom ellevill gapskratt og det djupaste alvor. Med skråblikk på oss sjølv, samfunnet rundt oss og tida me lever i, og med dei mjuke balladane og dei fengande refrenga ein Halvdan Sivertsen-konsert alltid byr på.

Vær med å feire ein ekte heidersmann!

Etter det musikalske showet blir det stort julebordbuffé med fest og moro til langt på natt.

Scandic Maritim har i fleire år nå vorte kåra til å ha den beste frukosten i Rogaland, så det blir ein nytelse å få med seg dette også.
Bussen køyrer heim igjen litt utpå ettermiddagen laurdag.

Påmeldingsfrist: 15. oktober

Inkludert i pakken

  • Busstur i moderne komfortabel turbuss
  • 1 natt i dobbeltrom på Scandic Maritim
  • God billett til Halvdan 70 år
  • Julebordsbuffé på hotellet
  • Rogalands beste frukostbuffé

Pris pr person

3.150,-(enkeltromstillegg 300,-)

Påmelding - Julebord – Halvdan Sivertsen 70 år