Bli med til Østerrike på kuslepp og oktoberfest

Oktoberfest-og-kuslepp

Avreise: 23. sep 2019
Antall dager: 10

Turen startar frå Ryfylket og Haugalandet måndag kor turen går vidare til Stavanger og fjordline terminalen kor me tek ei roleg nattseiling over til Hirtshals. Alle reisande får lugar om bord samt middags- og frukostbuffet.

Tysdag
Tysdag morgon køyrer me til hotell Hildesheim området i Tyskland for middag og overnatting før me tar vidare på turen onsdag morgon etter ein god frukost. Turen går nedover Tyskland for ny hotellovernatting i Rothenburg ob der Tauber område kor me har middag på hotellet. Etter ei behageleg natt og god frukost reiser me siste biten ned til Østerrike kor me legg oss inn på hotell Neue Post i Mayrhofen kor me blir i 3 netter.

Fredag og laurdag
Det er tid for Oktoberfest og kuslepp i Hintertux. Her blir det garantert god stemning!

Søndag
Etter ein god frukost på hotellet tek me søndag ut på heimreise, me reiser tilbake via Tyskland kor me legg oss inn på hotell i Nürnberg og nyt ein god middag på hotellet.

Måndag
Måndag morgon nyt me nok ein god frukost før me reiser vidare nordover og til nytt hotell i Schneverdingen.

Tysdag
Etter frukost set me kurs mot Puttgarden kor me tek ferje over til Rødby og vidare til København for ei natt om bord på flott cruise med DFDS til Oslo kor alle får eigen lugar samt middags- og frukostbuffé.

Onsdag
Onsdag morgon er siste etappe på turen, då set me kurs mot Haugesund igjen via Haukeli med lunsjstopp langs vegen.

PÅMELDINGSFRIST: 20. AUGUST

Inkludert i pakken

  • Ny og flott turbuss med profesjonell sjåfør
  • 1 natt på Fjordline Cruise m/lugar, middags- og frukostbuffet
  • 7 hotellovernattingar m/frukost og middag
  • 2 stk. inngangsbilletter til Oktoberfest
  • 1 natt på DFDS Cruise m/lugar, middags- og frukostbuffet
  • 1 lunsj på siste dag Oslo – Haugesund

Pris pr person

14.400,-(enkeltromstillegg 2.600,-)

Påmelding - Bli med til Østerrike på kuslepp og oktoberfest